Kjøpmannsgata: Skilnad mellom versjonar
Bilete og kart |
s Lenke og finpuss |
||
| Line 4: | Line 4: | ||
==Historie== | ==Historie== | ||
Kjøpmannsgata skal opphaveleg ha heitt | Kjøpmannsgata skal opphaveleg ha heitt Kaupmans gade. Det var kristiansandsmannen [[Albert Olsen]] som regulerte denne og 4 andre gater i det området han kalla [[Albertstad]], seinare kalla for [[Musemonen]]. Det skal ha vore interesse mellom bygdas fyrste handelsfolk for å sikra seg tomt langs denne gata. Dei såg vel føre seg at dette ville verta bygdas villastrok på ein måte. Så har Albert Olsen blanda saman mål frå [[Setesdal]] og [[Kristiansand]] til Kaupmans gade. Men det vart husvære for vanlege folk langs gata, dei fleste kom opp etter at andre verdskrigen var over. | ||
Litt handelsverksemd har det vore på eigedomen ''Koland'' i krysset med Nutensgate. [[Ragna Fiskaa Dale]] hadde hagebruk på tomta, og kransbinderi. I 1983 starta [[Rolf Moseid]] opp som taxidermist på eigedomen, og dreiv med utstopping av alle slag dyr. På resten av ''Koland'' vart det sett opp kommunale aldersbustadar i 1982. Med tida vart | Litt handelsverksemd har det vore på eigedomen ''Koland'' i krysset med Nutensgate. [[Ragna Fiskaa Dale]] hadde hagebruk på tomta, og kransbinderi. I 1983 starta [[Rolf Moseid]] opp som taxidermist på eigedomen, og dreiv med utstopping av alle slag dyr. På resten av ''Koland'' vart det sett opp kommunale aldersbustadar i 1982. Med tida vart Kaupmans gade til Kjøpmannsgata. Gata har bygdas to einaste 4-gatekryss, med [[Nutensgate]] og [[Ole Røilands gate]], men sistnemnde vart aldri ferdiggjort i full lengde. | ||
==Kjelde== | ==Kjelde== | ||
*http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?urnread_imagesize=full&info=topp&hode=ja&show=321&uid=58689&js=j | |||
*[[Reidar Tveito]] | *[[Reidar Tveito]] | ||
[[Kategori:Byglandsfjord]] | [[Kategori:Byglandsfjord]] | ||
[[Kategori:Veier i Byglandsfjord]] | [[Kategori:Veier i Byglandsfjord]] | ||
Versjonen frå 9. desember 2014 kl. 20:43


Kjøpmannsgata går midt i gamlebygda på Byglandsfjord. Ein del kallar også gata for Midtgata. Denne gata er litt smalare enn dei andre, og brøyting kunne vera vrient før ein tok i bruk traktor til slikt. Gata går i retning nord-sør, og ligg parallelt mellom Riksveg 9 og Birkelands gate. Tek til i nord frå Vassendgata og endar mot Hampefjell bustadområde i søraust.
Historie
Kjøpmannsgata skal opphaveleg ha heitt Kaupmans gade. Det var kristiansandsmannen Albert Olsen som regulerte denne og 4 andre gater i det området han kalla Albertstad, seinare kalla for Musemonen. Det skal ha vore interesse mellom bygdas fyrste handelsfolk for å sikra seg tomt langs denne gata. Dei såg vel føre seg at dette ville verta bygdas villastrok på ein måte. Så har Albert Olsen blanda saman mål frå Setesdal og Kristiansand til Kaupmans gade. Men det vart husvære for vanlege folk langs gata, dei fleste kom opp etter at andre verdskrigen var over.
Litt handelsverksemd har det vore på eigedomen Koland i krysset med Nutensgate. Ragna Fiskaa Dale hadde hagebruk på tomta, og kransbinderi. I 1983 starta Rolf Moseid opp som taxidermist på eigedomen, og dreiv med utstopping av alle slag dyr. På resten av Koland vart det sett opp kommunale aldersbustadar i 1982. Med tida vart Kaupmans gade til Kjøpmannsgata. Gata har bygdas to einaste 4-gatekryss, med Nutensgate og Ole Røilands gate, men sistnemnde vart aldri ferdiggjort i full lengde.