Idrettsbygget: Skilnad mellom versjonar
s Bilde av huset |
s Lenkefiks |
||
| Line 13: | Line 13: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]'', utgjeven av Otra IL, 2010 | *[[Olav Arne Kleveland]], ''[[Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie]]'', utgjeven av Otra IL, 2010 | ||
*[[Geir Daasvatn]], ''Evje stadion'', artikkel i Arnstein, 2012, s. 13-26 | *[[Geir Daasvatn]], ''Evje stadion'', artikkel i [[Arnstein]], årsskrift for [[Evje og Hornnes Sogelag]], 2012, s. 13-26 | ||
[[Kategori:Idrettsanlegg i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Idrettsanlegg i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Bygninger i Evje og Hornnes]] | ||
Versjonen frå 10. november 2014 kl. 00:21
Idrettsbygget, eller "Garderobebygget" som det seinare gjerne har blitt kalla, er eit kombinert garderobe- og lagerbygg ved Evje stadion. Bygget er reist i 1974. Evje og Hornnes kommune eig bygget.
Bygninga var teikna av Bjarne Haugjord. Formann i byggjekomitéen var Jostein Berget. Ein annan sentral pådrivar i arbeidet med å få reist bygget, og medlem i byggjekomitéen, var Kristian Kvitne.
Reisinga av bygget tok til i 1973, og det stod ferdig hausten 1974. Bygget inneheldt kontor som Otra IL skulle få disponera, garderobar, dusjar og toalett. I kjellaren var det lagerlokale som idrettslaget også skulle få bruke. Kvar gruppe skulle få sitt eige skåp å låse utstyr inn i.
Idrettsbygget, og det nye idrettsanlegget – Evje stadion som det skulle heite – vart høgtideleg opna søndag 15. september 1974. Eit strålande haustver danna ei vakker ramme om opninga. Hornmusikken spela og fleire hundre menneske var samla, skriv Olav Arne Kleveland i Otra IL si jubileumsbok.
Med unnatak for mindre ominnreiingar og utbetringar innvendig, og nokre strøk maling utvendig, er Idrettsbygget mykje det same i dag som i 1974.
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, utgjeven av Otra IL, 2010
- Geir Daasvatn, Evje stadion, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2012, s. 13-26