Hornnes jernbanebru: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s retten en skrivefeil
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Lagt til kategori "Bruer"
Line 16: Line 16:


[[Kategori:Kulturminner i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Kulturminner i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Bruer]]

Versjonen frå 7. november 2014 kl. 08:28

Jernbanebrua sett frå austsida mot Hornnes ein vakker desemberdag i 2009. Foto: Geir Daasvatn

Hornnes jernbanebru er ei bru over Otra rett før elva renn ut i Breiflå. Brua vart bygd i 1895-1896 før opninga av Setesdalsbanen i 1896. Ho er 140 meter lang og oppført i stålkonstruksjon som kviler på seks brukar av lokal gneis. Steinen er fint tilhoggen av tilreisande rallarar, etter det som vert sagt mykje svenskar.

Setesdalsbanen blei lagt ned i 1962. Brua blei i 1969 bygd om til gang- og sykkelbru mellom Hornnes og Evjemoen/Bjoråvika. Ombygginga vart gjort av eit britisk ingeniørkompani som var på vitjing på Evjemoen, 29th Field Squadron RE.

I samband med hundreårsjubilèet for Setesdalsbanen i 1996 byrja Evje og Hornnes kommune å planlegge naudsynt restaurering av brua. Eit storstilt restaureringsarbeid blei utført i 1999. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, fylkeskommunen, det britiske ingeniørkompaniet frå 1969 (som også nå gjorde arbeidet) og private bedrifter.

Brua er eit mykje vakkert syn. I kulturminneåret 1997 blei ho vald ut til å vere kommunen sitt spesielle kulturminne. Ho er også verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen, og i planen gitt spesiell høg verneverdi.

Kjelde

Museumsplan for Evje og Hornnes kommune, vedtatt i Evje og Hornnes kommunestyre, 1996

Kart

Laster kart ...