Ketil Grindheim: Skilnad mellom versjonar
s Lagt til et par kategorier |
Fødselsdato |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Svein Ketil Grindheim''' er | '''Svein Ketil Grindheim''' er fødd [[28. april 1958]] på Grim og oppvaksen ved Vollevannet i [[Kristiansand]], men bur no i [[Dåsnes]] i [[Hornnes]] saman med kona [[Marit Grindheim]]. Han er utdanna lærar, og tilsett ved [[Evje ungdomsskule]]. På fritida er han ein mykje engasjert trenar i [[skigruppa]] i [[Otra IL]], og ein aktiv orienteringsløpar i [[orienteringsgruppa]]. Han har også vore mykje med i sykkelmiljøet i idrettslaget. | ||
Ketil var i to år midt på 1980-talet trenar for rekruttlandslaget i langrenn. Etter desse to åra var han landslagtrenar for damelandslaget i langrenn. Blant løparane han trente då var Anette Bøe, Anne Jahren, Marit Wold (Mikkelsplass), Grete Ingeborg Nykkelmo, Inger Helen Nybråten og Trude Dybendal m.fl. | Ketil var i to år midt på 1980-talet trenar for rekruttlandslaget i langrenn. Etter desse to åra var han landslagtrenar for damelandslaget i langrenn. Blant løparane han trente då var Anette Bøe, Anne Jahren, Marit Wold (Mikkelsplass), Grete Ingeborg Nykkelmo, Inger Helen Nybråten og Trude Dybendal m.fl. | ||
Versjonen frå 8. oktober 2014 kl. 23:38
Svein Ketil Grindheim er fødd 28. april 1958 på Grim og oppvaksen ved Vollevannet i Kristiansand, men bur no i Dåsnes i Hornnes saman med kona Marit Grindheim. Han er utdanna lærar, og tilsett ved Evje ungdomsskule. På fritida er han ein mykje engasjert trenar i skigruppa i Otra IL, og ein aktiv orienteringsløpar i orienteringsgruppa. Han har også vore mykje med i sykkelmiljøet i idrettslaget.
Ketil var i to år midt på 1980-talet trenar for rekruttlandslaget i langrenn. Etter desse to åra var han landslagtrenar for damelandslaget i langrenn. Blant løparane han trente då var Anette Bøe, Anne Jahren, Marit Wold (Mikkelsplass), Grete Ingeborg Nykkelmo, Inger Helen Nybråten og Trude Dybendal m.fl.
Då det kom på tale å starte opp skigymnas på Hovden vart Ketil kontakta. Her vart han verande i 13 år, berre med eit lite avbrot som landslagstrenar i perioden 2000-2001, kor han mellom anna hadde ansvaret for Bente Martinsen (Skari).
I 2003 flytta han til Dåsnes saman med kona Marit, som er frå Hornnes. Etter ei tid som reiselivssjef og dagleg leiar i Otra IL (2003-2005), byrja han som lærar på Evje. Her har han blitt verande.
Ved sida av å vere trenar for andre i ei årrekkje, har Ketil Grindheim òg sjølv vore ein god idrettsutøvar. Frå 9-10-årsalderen var han å sjå på friidrettsbanar i Kristiansands-området. Han spelte fotball i Vigør, mellom anna for seniorlaget i 3. divisjon (2. divisjon i dag). Han er også krinsmeister i langrenn, og har delteke i Noregsmeisterskap.
Kjelder
- Landslagstrenar he slege rot i Dåsnes, artikkel på Moisund.com
Eksterne lenker
Landslagstrenar he slege rot i Dåsnes - Artikkel på Moisund.com