Ketil Grindheim: Skilnad mellom versjonar
s →Kjelder |
s Lagt til et par kategorier |
||
| Line 18: | Line 18: | ||
[[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | [[Kategori:Personer fra Evje og Hornnes kommune]] | ||
[[Kategori:Otra IL]] | [[Kategori:Otra IL]] | ||
[[Kategori:Lærere]] | |||
[[Kategori:Ansatte i Evje og Hornnes kommune]] | |||
Versjonen frå 8. oktober 2014 kl. 23:34
Svein Ketil Grindheim er født på Grim og oppvaksen ved Vollevannet i Kristiansand, men bur no i Dåsnes i Hornnes saman med kona Marit Grindheim. Han er utdanna lærar, og tilsett ved Evje ungdomsskule. På fritida er han ein mykje engasjert trenar i skigruppa i Otra IL, og ein aktiv orienteringsløpar i orienteringsgruppa. Han har også vore mykje med i sykkelmiljøet i idrettslaget.
Ketil var i to år midt på 1980-talet trenar for rekruttlandslaget i langrenn. Etter desse to åra var han landslagtrenar for damelandslaget i langrenn. Blant løparane han trente då var Anette Bøe, Anne Jahren, Marit Wold (Mikkelsplass), Grete Ingeborg Nykkelmo, Inger Helen Nybråten og Trude Dybendal m.fl.
Då det kom på tale å starte opp skigymnas på Hovden vart Ketil kontakta. Her vart han verande i 13 år, berre med eit lite avbrot som landslagstrenar i perioden 2000-2001, kor han mellom anna hadde ansvaret for Bente Martinsen (Skari).
I 2003 flytta han til Dåsnes saman med kona Marit, som er frå Hornnes. Etter ei tid som reiselivssjef og dagleg leiar i Otra IL (2003-2005), byrja han som lærar på Evje. Her har han blitt verande.
Ved sida av å vere trenar for andre i ei årrekkje, har Ketil Grindheim òg sjølv vore ein god idrettsutøvar. Frå 9-10-årsalderen var han å sjå på friidrettsbanar i Kristiansands-området. Han spelte fotball i Vigør, mellom anna for seniorlaget i 3. divisjon (2. divisjon i dag). Han er også krinsmeister i langrenn, og har delteke i Noregsmeisterskap.
Kjelder
- Landslagstrenar he slege rot i Dåsnes, artikkel på Moisund.com
Eksterne lenker
Landslagstrenar he slege rot i Dåsnes - Artikkel på Moisund.com