Faret: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lagt til kategori |
Bilde |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Faret -Hornnes 080707.jpg|miniatyr|høyre|Dei to Faretgardane ligg tett attmed [[Hornnes kyrkje]]. [[Hornnes (garden)]] til høgre i biletet. Foto: [[Irene Falck Jensen]]]] | |||
'''Faret''' er ein gard (gardnr. 14) i [[Hornnes]]. Namnet kjem av "Far", som tyder overfartsstad. [[Dåsåna]] renn ut i [[Otra]] her, og ein måtte fare over ho når ein skulle langsetter dalføret på vestsida. Det var òg overfartsstad til austsida av Otra her. | '''Faret''' er ein gard (gardnr. 14) i [[Hornnes]]. Namnet kjem av "Far", som tyder overfartsstad. [[Dåsåna]] renn ut i [[Otra]] her, og ein måtte fare over ho når ein skulle langsetter dalføret på vestsida. Det var òg overfartsstad til austsida av Otra her. | ||
Versjonen frå 6. oktober 2014 kl. 00:05

Faret er ein gard (gardnr. 14) i Hornnes. Namnet kjem av "Far", som tyder overfartsstad. Dåsåna renn ut i Otra her, og ein måtte fare over ho når ein skulle langsetter dalføret på vestsida. Det var òg overfartsstad til austsida av Otra her.
Faret må frå først av ha høyrt til Hornnes (garden). Truleg har Hornnes-garden hatt gravplassen sin på grunnen som no høyrer til Faret og Hornnes kyrkje. Ein gong etter 1661, men før 1668, blei Faret så skilt frå Hornnes-garden. Søfren Nielssøn, død 1688, er den første kjende eigaren. Han var skrivar i Vestre Robyggjelag frå 1662 til han døydde.
Bruk på garden
- Faret (austre) (bnr. 1)
- Faret (vestre) (bnr. 2)
Andre bruksnummer under Faret
- Frøyatun (bnr. 5)
- Nesheim (bnr. 6)
- Farmo (bnr. 7)
- Haugly (bnr. 8)
- Åsheim (bnr. 9)
- Lomberg (bnr. 10)
- Farbrot (bnr. 12)
- Vallerås (bnr. 13)
- Risholt (bnr. 14)
- Granberg (bnr. 16 og 11)
- Myrhaug (bnr. 17)
Kjelde
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 317-329