Hornnes jernbanebru: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Jernbanebrua
 
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Bilde
Line 1: Line 1:
[[Fil:Jernbanebrua Hornnes 271209.JPG|miniatyr|høyre|Jernbanebrua sett frå austsida mot Hornnes ein vakker desemberdag i 2009. Foto: [[Geir Daasvatn]]]]
'''Hornnes jernbanebru''' er ei bru over [[Otra]] rett før elva renn ut i [[Breiflå]]. Brua vart bygd i 1895-1986 før opninga av [[Setesdalsbanen]] i 1896. Ho er 140 meter lang og oppført i stålkonstruksjon som kviler på seks brukar av lokal gneis. Steinen er fint tilhoggen av tilreisande rallarar, etter det som vert sagt mykje svenskar.  
'''Hornnes jernbanebru''' er ei bru over [[Otra]] rett før elva renn ut i [[Breiflå]]. Brua vart bygd i 1895-1986 før opninga av [[Setesdalsbanen]] i 1896. Ho er 140 meter lang og oppført i stålkonstruksjon som kviler på seks brukar av lokal gneis. Steinen er fint tilhoggen av tilreisande rallarar, etter det som vert sagt mykje svenskar.  



Versjonen frå 3. oktober 2014 kl. 00:10

Jernbanebrua sett frå austsida mot Hornnes ein vakker desemberdag i 2009. Foto: Geir Daasvatn

Hornnes jernbanebru er ei bru over Otra rett før elva renn ut i Breiflå. Brua vart bygd i 1895-1986 før opninga av Setesdalsbanen i 1896. Ho er 140 meter lang og oppført i stålkonstruksjon som kviler på seks brukar av lokal gneis. Steinen er fint tilhoggen av tilreisande rallarar, etter det som vert sagt mykje svenskar.

Setesdalsbanen ble lagt ned i 1962. Brua blei i 1969 bygd om til gang- og sykkelbru mellom Hornnes og Evjemoen/Bjoråvika. Ombygginga vart gjort av eit britisk ingeniørkompani som var på vitjing på Evjemoen, 29th Field Squadron RE.

I samband med hundreårsjubilèet for Setesdalsbanen i 1996 byrja Evje og Hornnes kommune å planlegge naudsynt restaurering av brua. Eit storstilt restaureringsarbeid blei utført i 1999. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, fylkeskommunen, det britiske ingeniørkompaniet frå 1969 (som også nå gjorde arbeidet) og private bedrifter.

Brua er eit mykje vakkert syn. I kulturminneåret 1997 blei ho vald ut til å vere kommunen sitt spesielle kulturminne. Ho er også verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen, og i planen gitt spesiell høg verneverdi.

Kjelde

Museumsplan for Evje og Hornnes kommune, vedtatt i Evje og Hornnes kommunestyre, 1996