Oddebakken: Skilnad mellom versjonar
s Føyd til kilde |
Føyd til oppl om bakkerekord |
||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Oddebakken''' var ein hoppbakke i Evje på 1930-talet. Skilaget [[Ørnen]] (dei "borgarlege") hadde opna [[Ørnefjellbakken]] [[28. januar 1934]], og [[Evje AIL]] (arbeidaridretten) var sterkt opptekne av å få ein eigen hoppbakke. Hausten 1935 starta dei opp arbeidet med den såkalla Oddebakken, ein bakke dei hadde store voner til. | '''Oddebakken''' var ein hoppbakke i Evje på 1930-talet. Skilaget [[Ørnen]] (dei "borgarlege") hadde opna [[Ørnefjellbakken]] [[28. januar 1934]], og [[Evje AIL]] (arbeidaridretten) var sterkt opptekne av å få ein eigen hoppbakke. Hausten 1935 starta dei opp arbeidet med den såkalla Oddebakken, ein bakke dei hadde store voner til. | ||
Opningsrennet i bakken var [[26. januar 1936]]. [[Tomine Flåt]] opna rennet. [[Alfred Mortensen]] hadde lengste hoppet, vann klasse A og fekk Damenes pokal. | Opningsrennet i bakken var [[26. januar 1936]]. [[Tomine Flåt]] opna rennet. [[Alfred Mortensen]] hadde lengste hoppet, vann klasse A og fekk Damenes pokal. Seinare på vinteren 1936 hoppa Mortensen 36,5 meter i eit nytt renn i bakken, og det var bakkerekord. | ||
[[Olav Arne Kleveland]] skriv at Oddebakken etter hans inntrykk ikkje var i stand til å konkurrere med Ørnefjellbakken og fekk ei heller kort levetid. | [[Olav Arne Kleveland]] skriv at Oddebakken etter hans inntrykk ikkje var i stand til å konkurrere med Ørnefjellbakken og fekk ei heller kort levetid. | ||
Versjonen frå 20. september 2014 kl. 09:29
Oddebakken var ein hoppbakke i Evje på 1930-talet. Skilaget Ørnen (dei "borgarlege") hadde opna Ørnefjellbakken 28. januar 1934, og Evje AIL (arbeidaridretten) var sterkt opptekne av å få ein eigen hoppbakke. Hausten 1935 starta dei opp arbeidet med den såkalla Oddebakken, ein bakke dei hadde store voner til.
Opningsrennet i bakken var 26. januar 1936. Tomine Flåt opna rennet. Alfred Mortensen hadde lengste hoppet, vann klasse A og fekk Damenes pokal. Seinare på vinteren 1936 hoppa Mortensen 36,5 meter i eit nytt renn i bakken, og det var bakkerekord.
Olav Arne Kleveland skriv at Oddebakken etter hans inntrykk ikkje var i stand til å konkurrere med Ørnefjellbakken og fekk ei heller kort levetid.
Gudmund Olsen, sjølv ein dyktig lokal idrettsmann i si tid, har skrive ein artikkel om den kvinnelege storhopparen Tomine Flåt. Her er Oddebakken omtala slik (utdrag):
---ein storbakke i Setesdal som heiter Oddebakken. Denne bakken som ikkje lenger eksisterer, vil eg tru var den brattaste og farlegaste bakken å hoppe i som nokon gong har vore. Det var naturen sjølv som hadde forma bakken oppe i ei stupbratt li. Bare dei aller modigaste våga seg ufor der---. Bakken hadde ein slik profil at dei trong ikkje take nokon kraftsats når dei hoppa, men bare late seg "gli" utover hoppet, og så late seg "dette" ned i "avgrunnen". Hadde ein då for stor fart, var risikoen for å hamne langt utpå sletta stor---.
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 13-20