Langeline taubane: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
s Lagt til en kategori |
s Presisert en kategori |
||
| Line 7: | Line 7: | ||
[[Kategori:Evje]] | [[Kategori:Evje]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Flåt nikkelgruve]] | ||
Versjonen frå 21. desember 2021 kl. 17:49
Langeline taubane gjekk mellom Flåt nikkelgruve i Flatebygd og Evje nikkelverk i Fossvik, Evje. Taubanen blei bygt i 1909, på same tid som Evje kraftverk stod ferdig i Fennefossen. Kabelen som kibbane gjekk på var montert på trebukkar, som på det meste kunne vere 22 m høge. Traseen var 4,8 km lang, 24 m brei, og gjekk snorbeint gjennom skogen ned til Verksmoen. Taubanen kosta 70 000 kr og var ei tung investering etter dåtidas målestokk. Men etter at taubanen kom blei transporten av malm mykje billegare og raskare enn hestetransporten som hadde vore fram til då.
Eit minne om taubanen er Taubanegata i Grenjå bustadfelt, nær Evje sentrum.
Kjelder
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgitt av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 167–174