Årdalsknapen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar T (diskusjon | bidrag)
Ny side: '''Årdalsknapen''' ligg sør i Bygland austhei. Høgda er 762 moh, som ikkje er så høgt for ein topp i Setesdal, men Årdalsknapen reiser seg godt over heiane i nærleiken, og...
 
Reidar T (diskusjon | bidrag)
s Bilder
Line 1: Line 1:
[[Fil:Årdalsknapen 1.jpg|thumb|Årdalsknapen sett frå vest{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]]
'''Årdalsknapen''' ligg sør i [[Bygland austhei]]. Høgda er 762 moh, som ikkje er så høgt for ein topp i [[Setesdal]], men Årdalsknapen reiser seg godt over heiane i nærleiken, og er difor lett synleg langt av lei. Utsjånaden på toppen, sett frå austheia, er nokså lik mange andre toppar i Agder. Men sett frå vestheiane vert Årdalsknapen til ein lett kjenneleg dobbelttopp, der [[Heståsknapen]] utgjer den noko lågare delen.  
'''Årdalsknapen''' ligg sør i [[Bygland austhei]]. Høgda er 762 moh, som ikkje er så høgt for ein topp i [[Setesdal]], men Årdalsknapen reiser seg godt over heiane i nærleiken, og er difor lett synleg langt av lei. Utsjånaden på toppen, sett frå austheia, er nokså lik mange andre toppar i Agder. Men sett frå vestheiane vert Årdalsknapen til ein lett kjenneleg dobbelttopp, der [[Heståsknapen]] utgjer den noko lågare delen.  


Line 10: Line 11:
==Kart==
==Kart==
{{#display_points: 58.67425, 7.84117|type=terrain}}
{{#display_points: 58.67425, 7.84117|type=terrain}}
==Fleire bilete av Årdalsknapen==
<gallery>
Fil:Årdalsknapen 2.jpg|Årdalsknapen sett frå Vinddalsristi. 
Fil:Årdalsknapen 3.jpg|Årdalsknapen sett frå Bertesknapen.
Fil:Årdalsknapen 4.jpg|Vittjørn og Heståsknapen.
Fil:Årdalsknapen 5.jpg|Toppen av Årdalsknapen.
Fil:Årdalsknapen 1921.jpg|Bygdetur i 1921{{byline|[[Hangaard]]}}
</gallery>


[[Kategori:Fjell i Bygland]]
[[Kategori:Fjell i Bygland]]

Versjonen frå 19. september 2012 kl. 23:53

Årdalsknapen sett frå vest

Årdalsknapen ligg sør i Bygland austhei. Høgda er 762 moh, som ikkje er så høgt for ein topp i Setesdal, men Årdalsknapen reiser seg godt over heiane i nærleiken, og er difor lett synleg langt av lei. Utsjånaden på toppen, sett frå austheia, er nokså lik mange andre toppar i Agder. Men sett frå vestheiane vert Årdalsknapen til ein lett kjenneleg dobbelttopp, der Heståsknapen utgjer den noko lågare delen.

Populært turmål. Fleire stiar fører, eller har ført opp til Årdalsknapen, frå Grendi, Neset Camping, Byglandsfjord via Toppfjellet og Elgeknipen (Hægeknipen), etter Vinddalskleiva eller Ytterkleiv frå Vassend, og i frå Flatebygd eller Gautestad. På 1950- og 1960-talet hadde husmødre og skuleborn på Byglandsfjord fast sommarjobb med å føra skuleborn frå Danskeleiren opp Vinddalskleiva til toppen. Utan at det finnast noko tal for dette, så er det nok fleire tusen som har vore oppå Årdalsknapen. Turboka som Otra IL har på toppen, fortel at det framleis er mange som finn vegen dit. I 2012 fylgjer flest turfolk den godt merka stien opp frå Neset Camping. Denne er i byrjinga ganske bratt, men flatar ut etterkvart.

Varden på toppen. Som på så mange toppar i heiane på Agder, så var det også her ein høg og kubeforma varde. Under krigen 1940-45 trudde tyskarane varden var noko signalsystem som motstandsrørsla bruka, og reiv difor ned varden. Etter krigen vart han reist oppatt, men i tida etterpå har turfolk rive ned varden så grundig at det er berre ein einaste stor stein attende på toppen. Det er ikkje bare å vera populær.

Kjelde

Kart

Laster kart ...

Fleire bilete av Årdalsknapen