Hopp til innhald

NMS Gjenbruk: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til kategori
Line 20: Line 20:
[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Etableringer i 2006]]
[[Kategori:Etableringer i 2006]]
[[Kategori:Butikker]]

Versjonen frå 29. januar 2020 kl. 09:48

NMS Gjenbruk 7. mai 2018.

NMS Gjenbruk blei opna onsdag 1. november 2006.[1] Butikken ligg i dag på Verksmoen i Evje, i same bygget som Setesdalstrykk. Tidlegare var butikken i same hus som Evje og Hornnes bibliotek rett i nærleiken. Før det igjen hadde dei halde til i bygget Heimtun i Evje sentrum frå starten. Men dei måtte finne nye lokaler, då det huset blei reve i 2011.

Butikken er ein av 40 butikkar som Det Norske Misjonsselskap står bak. Dei sel brukte saker til inntekt for misjon og bistand i fire verdsdelar, og er lyspunkt og samlingsstad for både frivillige og kundar. På Evje står ein stab på om lag 20 frivillige for drifta med Valborg Hauan i spissen. Butikken tek imot møbler, lampar, speglar og bilete, servise og kjøkkenutstyr, leiker og sportsutstyr. Dei har og ei hylle med bøker. Det kostar ikkje noko å levere brukte gjenstander hos NMS Gjenbruk, men det dei tek imot, må vere råd å selje att. Mange hyttefolk besøker butikken, så tidvis får dei gjenstander frå andre butikkar om dei ikkje får inn nok frå lokalt hald.

Åpningstider:

  • Tirsdag 1100 - 1600
  • Onsdag 1100 - 1600
  • Torsdag 1100 - 1600
  • Fredag 1100 - 1800
  • Lørdag 1000 - 1400

Referanser

  1. Gjenbruksbutikk nr. 6 i Agder åpnet på Evje. Artikkel i NMS Agder nr. 6, 2006 side 1

Eksterne lenker