Berg (Valle gnr 51): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Bilde
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Ekstern lenke
Line 14: Line 14:
== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>
== Eksterne lenker ==
*[https://www.flickr.com/photos/51710523@N08/albums/72157683806261444 Geir Daasvatn sine bilete frå Berg på Flickr]


== Kart ==
== Kart ==

Versjonen frå 21. juli 2017 kl. 16:43

Fil:Åmli Berg Valle 201216.jpg
Berg høgt oppe i dalsida med Åmli lenger nede. Steinsås til høgre.
Fil:Berg Valle 200717 (1).jpg
Noko av Berg, med Steinsås bak.
Foto: Geir Daasvatn

Berg er ein gard (gnr. 51) i dalsida på vestsida av Otra, ovafor Åmli, i Valle. Bruka på garden ligg mellom 550 og 620 moh. Nord-aust for Berg stig Steinsås opp til 782 moh. Frå enden av vegen til Berg går det privat skogsbilveg vidare innover i Hylesdalen. Det høyrer mykje hei til garden, i sameige med Åmli.[1]

Historie

«Namnet kan tyde på ein gard av etter måten høg alder - iallefall frå mellomalderen», skriv Alfred Ryningen i Gards- og ættesoga for Valle.[2]

Segn

Vonde-Åsmund Berg skal ha levd kanskje på same tida omtrent som Vonde-Åsmund Rygnestad (1500-talet). Åsmund Berg kom eingong, kanskje i året 1548[3] for seint til kyrkja. Presten påtala dette offentleg. Vonde-Åsmund knivstakk og drap då presten etter messa. Ålmugen blei rasande, og hemnde seg med å steine han i hel.[4]

Litteratur

  • Alfred Ryningen, Valle kommune III - Gards- og ættesoge Valle, 1987, side 355-413

Referansar

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 355
  2. Valle III, side 355
  3. Bygdeskrifter frå Valle og Hylestad, utgeve av Valle bygdesogenemnd, 1983, side 127-128
  4. Valle III, side 362-363

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...