Hornnes jernbanebru: Skilnad mellom versjonar
s språkvask |
kart |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
''Museumsplan for Evje og Hornnes kommune'', vedtatt i [[Evje og Hornnes kommunestyre]], 1996 | ''Museumsplan for Evje og Hornnes kommune'', vedtatt i [[Evje og Hornnes kommunestyre]], 1996 | ||
[[Kategori: | ==Kart== | ||
{{kart| 58.55698537106138,7.780942438985221}} | |||
[[Kategori:Kulturminner i Evje og Hornnes]] | |||
Versjonen frå 3. oktober 2014 kl. 09:23
Hornnes jernbanebru er ei bru over Otra rett før elva renn ut i Breiflå. Brua vart bygd i 1895-1986 før opninga av Setesdalsbanen i 1896. Ho er 140 meter lang og oppført i stålkonstruksjon som kviler på seks brukar av lokal gneis. Steinen er fint tilhoggen av tilreisande rallarar, etter det som vert sagt mykje svenskar.
Setesdalsbanen blei lagt ned i 1962. Brua blei i 1969 bygd om til gang- og sykkelbru mellom Hornnes og Evjemoen/Bjoråvika. Ombygginga vart gjort av eit britisk ingeniørkompani som var på vitjing på Evjemoen, 29th Field Squadron RE.
I samband med hundreårsjubilèet for Setesdalsbanen i 1996 byrja Evje og Hornnes kommune å planlegge naudsynt restaurering av brua. Eit storstilt restaureringsarbeid blei utført i 1999. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, fylkeskommunen, det britiske ingeniørkompaniet frå 1969 (som også nå gjorde arbeidet) og private bedrifter.
Brua er eit mykje vakkert syn. I kulturminneåret 1997 blei ho vald ut til å vere kommunen sitt spesielle kulturminne. Ho er også verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen, og i planen gitt spesiell høg verneverdi.
Kjelde
Museumsplan for Evje og Hornnes kommune, vedtatt i Evje og Hornnes kommunestyre, 1996