Raudevja: Skilnad mellom versjonar
Lenke |
s Rettet skrivefeil i bildetekst |
||
| (8 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Austad Bygland 110818-2.jpg|miniatyr|høyre|Austad sett frå toppen av [[Reiårsfossen]]. Ein ser Skeievja som skjer seg inn frå Otra mot høgre, og Raudevja på nordsida av Skeievja. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Raudevja''' er ei lita evje, ei vik, i [[Skeievja]] i [[Otra]] på [[Austad]] i [[Bygland]]. | '''Raudevja''' er ei lita evje, ei vik, i [[Skeievja]] i [[Otra]] på [[Austad]] i [[Bygland]]. | ||
== Namnet == | == Namnet == | ||
Harde-Aslak er etter [[Reidar Vollen]] i ''[[Bygland gard og ætt]]'' segnfiguren framfor nokon frå Austad. Harde-Aslak skal ifølge | Harde-Aslak er etter [[Reidar Vollen]] i ''[[Bygland gard og ætt]]'' segnfiguren framfor nokon frå Austad. Harde-Aslak skal ifølge eitt av segna ha drepe Kallhovden, ein bonde og kjempekar på garden [[Kallhovd]] i [[Hornnes]]. Etter drapet gav Aslak seg på heimvegen, som var over heiene vest for Otra-dalføret. På [[Austegard|Austegards-heia]] i [[Åseral]] tok dei to sønene til Kallhovden han att, og drap han der. | ||
Då Aslak ikkje kom heim, for mor hans avgarde for å leite. Ho fann liket hans ein søndags morgon, plukka saman likdelane i ein sekk og for på heimvegen med sekken på ryggen. Heime på Austad vaska ho liket i ei lita evje i elva, tett attmed kyrkja. Evja vart raud av blod, og fekk etter det namnet «Raudevja». Liket vart grave ned på Ækrejordet. | Då Aslak ikkje kom heim, for mor hans avgarde for å leite. Ho fann liket hans ein søndags morgon, plukka saman likdelane i ein sekk og for på heimvegen med sekken på ryggen. Heime på Austad vaska ho liket i ei lita evje i elva, tett attmed kyrkja. Evja vart raud av blod, og fekk etter det namnet «Raudevja». Liket vart grave ned på Ækrejordet. | ||
| Line 12: | Line 13: | ||
Staden i Austegard der Aslak blei drepen skal heite «Hard-Aslak» den dag i dag. I nærleiken renn «Hard-Aslaksbekken». | Staden i Austegard der Aslak blei drepen skal heite «Hard-Aslak» den dag i dag. I nærleiken renn «Hard-Aslaksbekken». | ||
Om ein | Om ein Harde-Aslak verkeleg har levd på Austad veit ein ikkje sikkert. Men Reidar Vollen skriv at det finst tradisjon for at han skal ha vore ein historisk person. Det meste i sogene om han må uansett vere dikting, understrekar Vollen. | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 34 | *[[Reidar Vollen]], ''[[Bygland gard og ætt]]'', bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 34 | ||
*[[Johannes Skar]], ''Harde-Aslak. Dyreskidi i Austad-Kyrkja'', artikkel i vekebladet Fedraheimen, 23. mars 1878 | *[[Johannes Skar]], ''Harde-Aslak. Dyreskidi i Austad-Kyrkja'', artikkel i vekebladet [[:no:Fedraheimen|Fedraheimen]], 23. mars 1878 | ||
*[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 206 | *[[Olav O. Uleberg]], ''[[Hornnes I, Gards- og ættesoge]]'', utgjeve av [[Hornnes bygdesogenemd]], 1969, side 206 | ||
*Johannes Skar, ''[[Gamalt or Setesdal]]'', bind I, side 257 | *Johannes Skar, ''[[Gamalt or Setesdal]]'', bind I, side 257 | ||
*[[Tarjei Liestøl]], ''[[Åseral Gard og Ætt]]'', bind I, utgjeve av Åseral bygdesogenemnd, 1976, side 415 | *[[Tarjei Liestøl]], ''[[Åseral Gard og Ætt]]'', bind I, utgjeve av Åseral bygdesogenemnd, 1976, side 415 | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 58.95546722218781,7.679357528686523~Raudevja Bygland}} | |||
[[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | [[Kategori:Stadnamn i Bygland]] | ||
[[Kategori:Segner]] | |||
[[Kategori:Austad]] | |||
Siste versjonen frå 31. desember 2024 kl. 18:37

Raudevja er ei lita evje, ei vik, i Skeievja i Otra på Austad i Bygland.
Namnet
Harde-Aslak er etter Reidar Vollen i Bygland gard og ætt segnfiguren framfor nokon frå Austad. Harde-Aslak skal ifølge eitt av segna ha drepe Kallhovden, ein bonde og kjempekar på garden Kallhovd i Hornnes. Etter drapet gav Aslak seg på heimvegen, som var over heiene vest for Otra-dalføret. På Austegards-heia i Åseral tok dei to sønene til Kallhovden han att, og drap han der.
Då Aslak ikkje kom heim, for mor hans avgarde for å leite. Ho fann liket hans ein søndags morgon, plukka saman likdelane i ein sekk og for på heimvegen med sekken på ryggen. Heime på Austad vaska ho liket i ei lita evje i elva, tett attmed kyrkja. Evja vart raud av blod, og fekk etter det namnet «Raudevja». Liket vart grave ned på Ækrejordet.
I gards- og ættesoga for Hornnes er segnet attgjeve slik:
«De sille vere ein småkongje på Kallot i gamle daga. Så kom det ein anna småkongje og drap`an. Då dei to sønin`ans kom heim og såg at far deiras var drepen, sinna dei seg opp å sette ette. Dei sto`an att på Åseralsheian, å der fekk dei hemna sæg. Dei fekk drep`an.»
Staden i Austegard der Aslak blei drepen skal heite «Hard-Aslak» den dag i dag. I nærleiken renn «Hard-Aslaksbekken».
Om ein Harde-Aslak verkeleg har levd på Austad veit ein ikkje sikkert. Men Reidar Vollen skriv at det finst tradisjon for at han skal ha vore ein historisk person. Det meste i sogene om han må uansett vere dikting, understrekar Vollen.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 34
- Johannes Skar, Harde-Aslak. Dyreskidi i Austad-Kyrkja, artikkel i vekebladet Fedraheimen, 23. mars 1878
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 206
- Johannes Skar, Gamalt or Setesdal, bind I, side 257
- Tarjei Liestøl, Åseral Gard og Ætt, bind I, utgjeve av Åseral bygdesogenemnd, 1976, side 415