Hægeland bygdemølle: Skilnad mellom versjonar
Ny side |
s Bilde |
||
| (Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Hægeland bygdemølle ruin Homme 220325 (7).jpg|mini|høgre|Ruinar etter mølla ved Eljansåna [[22. mars 2025]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | |||
'''Hægeland bygdemølle''' stod ved [[Eljansåna]] på Homme i [[Hægeland]] frå 1918 til 1951. Då blei ho flytta til Hægelandskrossen. Siste året med maling der var 1977. | '''Hægeland bygdemølle''' stod ved [[Eljansåna]] på Homme i [[Hægeland]] frå 1918 til 1951. Då blei ho flytta til Hægelandskrossen. Siste året med maling der var 1977. | ||
| Line 10: | Line 11: | ||
== Kjelder == | == Kjelder == | ||
*[[Oddvar Moen]], ''[[Hægeland møllehistorie 1918–2018]]'', utgjeve av Hægeland sogelag, 2018 | *[[Oddvar Moen]], ''[[Hægeland møllehistorie 1918–2018]]'', utgjeve av Hægeland sogelag, 2018 | ||
== Kart == | |||
{{#display_map: 58.39280789636327,7.747706959871037~Homme Hægeland}} | |||
[[Kategori:Kulturminner i Vennesla]] | [[Kategori:Kulturminner i Vennesla]] | ||
[[Kategori:Hægeland]] | [[Kategori:Hægeland]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1918]] | [[Kategori:Etableringer i 1918]] | ||
Siste versjonen frå 25. mars 2025 kl. 11:38

Hægeland bygdemølle stod ved Eljansåna på Homme i Hægeland frå 1918 til 1951. Då blei ho flytta til Hægelandskrossen. Siste året med maling der var 1977.
Drifta var organisert som eit lutlag (L/L). Seinare blei lutlaget oppløyst, og eit nytt selskap, S/L Hægeland Mølle, blei danna. Selskapet blei formelt oppløyst 31. desember 1991.
Den tida mølla stod ved Eljansåna var ho drive av vasskraft. Bygningen brann ned til grunnen i 1927. Mølla blei straks bygd opp igjen, og stod ferdig i 1929.
Museumsmølle
I dag er det bare ruinar å sjå etter mølla ved Eljansåna. Bygningen der mølla var i Hægelandskrossen er borte. Men gjennom eit stort dugnadsarbeid i regi av Hægeland sogelag er mykje av inventaret og utstyret i mølla teke vare på. Det er bygd opp ein ny møllebygning på Hægeland bygdemuseum på Eikeland, der utstyret frå den gamle mølla er montert inn. Utstyr frå den oppattbygde mølla etter brannen i 1927 fungerer den dag i dag.
Kjelder
- Oddvar Moen, Hægeland møllehistorie 1918–2018, utgjeve av Hægeland sogelag, 2018