Olav G. Holen jr.: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til en kategori
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Forfattar: lenkefiks
 
(5 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 6: Line 6:
I staden reiste Olav til [[Kristiansand]]. Han arbeidde i industrien, mellom anna på Falconbridge. Seinare gjorde han forskalingssnekring og var på anleggsarbeid.  
I staden reiste Olav til [[Kristiansand]]. Han arbeidde i industrien, mellom anna på Falconbridge. Seinare gjorde han forskalingssnekring og var på anleggsarbeid.  


Då han blei eldre, flytta Olav attende til Bykle. Han hadde eit lite bustadhus i [[Nedre Sarv]]. Der budde han saman med broren Tarald. Den siste tida av livet var han på Bygdeheimen.  
Då han blei eldre, flytta Olav attende til Bykle. Han hadde eit lite bustadhus i [[Nedre Sarv bustadfelt|Nedre Sarv]]. Der budde han saman med broren Tarald. Den siste tida av livet var han på Bygdeheimen.  


== Heiemann ==
== Heiemann ==
Sambygdingen og namnebroren til Olav, [[Olav M. Holen]], skriv i boka si om Nordbygdi at «[d]et er vel ingen i hans generasjon som var så lommekjend i heiene som han, heilt frå [[Haukeli]] i nord, til [[Ryfylke]] i vest og [[Sirdal]] i sør». Turane att og fram i heiene var ikkje bare for moro skuld, held Olav M. Holen fram, dei var eit ledd i eit prosjekt Olav jr. hadde med å finne ut kvar dei gamle ferdavegane mellom [[Setesdal]] og grannebygdene i sør og vest gjekk.  
Sambygdingen og namnebroren til Olav, [[Olav M. Holen]], skriv i boka si om Nordbygdi at «[d]et er vel ingen i hans generasjon som var så lommekjend i heiene som han, heilt frå [[Haukeli]] i nord, til [[Ryfylke]] i vest og [[Sirdal]] i sør». Turane att og fram i heiene var ikkje bare for moro skuld, held Olav M. fram, dei var eit ledd i eit prosjekt Olav jr. hadde med å finne ut kvar dei gamle ferdavegane mellom [[Setesdal]] og grannebygdene i sør og vest gjekk.


== Forfattar ==
== Forfattar ==
Kjennskapen til dei gamle ferdavegane samla Olav i den første boka si, ''[[Ferdavegar i Bykleområdet]]''. Ho har ikkje årstal, men kom ut på 1960-talet. Seinare blei boka noko utvida, og trykka opp på nytt. Olav gav også ut to bøker om jakt, fiske og fangst, og ei bok med dikt og songar.  
Kjennskapen til dei gamle ferdavegane samla Olav i den første boka si, ''[[Ferdavegane i Bykleområdet|Ferdavegane i Bykleområdet og dei viktigaste vegane til og frå øvre Setesdal]]''. Ho har ikkje årstal, men kom ut rundt 1968. Seinare (1986) blei boka noko utvida, og trykka opp på nytt, med tittelen ''Ferdavegane i Bykleområdet''. Olav gav også ut to bøker om jakt, fiske og fangst, og ei bok med dikt og songar. Til slutt kom ''[[Frå toppen av Vrålstøylfjell]]''.


== Kulturmenneske ==
== Kulturmenneske ==
I den tida Olav budde i Kristiansand, var han aktiv i [[Setesdalslaget]], Mållaget og i folkemusikkmiljøet. Han song og dansa, og fekk premiar på spelemannsstemner.
I den tida Olav budde i Kristiansand, var han aktiv i Setesdalslaget, Mållaget og i folkemusikkmiljøet. Han song og dansa, og fekk premiar på spelemannsstemner.


== Kjelder ==
== Kjelder ==

Siste versjonen frå 2. september 2022 kl. 19:54

Olav G. Holen jr.
Olav G. Holen jr. 1986.
Foto: Kommunearkivet i Bykle/Lokalhistoriewiki
Født: 9. august 1917
Død: 31. januar 2004 (86 år)

Olav G. Holen jr. (fødd 9. august 1917, død 31. januar 2004) budde i Bykle. Han etterlet seg familie og vener. Gravferda var frå Bykle gamle kyrkje fredag 6. februar 2004.

Oppvekst i Nordbygdi

Olav var fødd i Myri, eitt av bruka i Holen, i Nordbygdi. Han var yngst av seks søsken som levde opp. I ungdomstida var han heime og hjelpte til på garden. Han fekk Holsmoen av far sin, og hadde planar om å dyrke opp moen. Han sette også opp eit hus. Men nydyrkinga vart aldri noko av, og huset blei ikkje bygt ferdig.

I staden reiste Olav til Kristiansand. Han arbeidde i industrien, mellom anna på Falconbridge. Seinare gjorde han forskalingssnekring og var på anleggsarbeid.

Då han blei eldre, flytta Olav attende til Bykle. Han hadde eit lite bustadhus i Nedre Sarv. Der budde han saman med broren Tarald. Den siste tida av livet var han på Bygdeheimen.

Heiemann

Sambygdingen og namnebroren til Olav, Olav M. Holen, skriv i boka si om Nordbygdi at «[d]et er vel ingen i hans generasjon som var så lommekjend i heiene som han, heilt frå Haukeli i nord, til Ryfylke i vest og Sirdal i sør». Turane att og fram i heiene var ikkje bare for moro skuld, held Olav M. fram, dei var eit ledd i eit prosjekt Olav jr. hadde med å finne ut kvar dei gamle ferdavegane mellom Setesdal og grannebygdene i sør og vest gjekk.

Forfattar

Kjennskapen til dei gamle ferdavegane samla Olav i den første boka si, Ferdavegane i Bykleområdet og dei viktigaste vegane til og frå øvre Setesdal. Ho har ikkje årstal, men kom ut rundt 1968. Seinare (1986) blei boka noko utvida, og trykka opp på nytt, med tittelen Ferdavegane i Bykleområdet. Olav gav også ut to bøker om jakt, fiske og fangst, og ei bok med dikt og songar. Til slutt kom Frå toppen av Vrålstøylfjell.

Kulturmenneske

I den tida Olav budde i Kristiansand, var han aktiv i Setesdalslaget, Mållaget og i folkemusikkmiljøet. Han song og dansa, og fekk premiar på spelemannsstemner.

Kjelder

Eksterne lenker