Evje framhaldsskule: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Kjelder: laget punktliste
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
s Lagt til kategori
 
(4 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
[[Fil:Setesdals ungdomsskule - Galteland - Evje .jpg|miniatyr|høyre|Alvheim på Galteland, der skulen heldt til i 11 år. {{Byline|Frå festskriftet [[Setesdals ungdomsskule 1876-1926]]}}]]
'''Evje framhaldsskule''' var eit kommunalt skuletilbod i åra 1946-1964 for ungdom i [[Evje]] etter at dei var ferdige med den sjuårige folkeskulen. Skulen heldt til 1957 til på [[Galteland]], i dei bygningane der [[Setesdals ungdomsskule]] tidlegare hadde vore. Då flytta han ned til den nye sentralskulen som var bygd på [[Sindremoen]] nærare Evje sentrum. Frå 1963 fekk Evje og Hornnes linedelt ungdomsskule, og i 1964 var soga til framhaldsskulen i Evje til endes.  
'''Evje framhaldsskule''' var eit kommunalt skuletilbod i åra 1946-1964 for ungdom i [[Evje]] etter at dei var ferdige med den sjuårige folkeskulen. Skulen heldt til 1957 til på [[Galteland]], i dei bygningane der [[Setesdals ungdomsskule]] tidlegare hadde vore. Då flytta han ned til den nye sentralskulen som var bygd på [[Sindremoen]] nærare Evje sentrum. Frå 1963 fekk Evje og Hornnes linedelt ungdomsskule, og i 1964 var soga til framhaldsskulen i Evje til endes.  


Line 12: Line 13:


== Nokre elevar ==
== Nokre elevar ==
[[Fil:Olav Arne Kleveland 210810.JPG|miniatyr|høyre|Historikaren, læraren og bygdebokforfattaren Olav Arne Kleveland gjekk framhaldsskulen på Galteland i 1948/1949, og hadde seinare mykje gode minne om dette skuleåret. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]]
*[[Olav Arne Kleveland]]
*[[Olav Arne Kleveland]]
*[[Eli Mogstad]]
*[[Eli Mogstad]]
Line 22: Line 24:


[[Kategori:Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Utdanning]]

Siste versjonen frå 10. januar 2015 kl. 11:06

Alvheim på Galteland, der skulen heldt til i 11 år.
Foto: Frå festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926

Evje framhaldsskule var eit kommunalt skuletilbod i åra 1946-1964 for ungdom i Evje etter at dei var ferdige med den sjuårige folkeskulen. Skulen heldt til 1957 til på Galteland, i dei bygningane der Setesdals ungdomsskule tidlegare hadde vore. Då flytta han ned til den nye sentralskulen som var bygd på Sindremoen nærare Evje sentrum. Frå 1963 fekk Evje og Hornnes linedelt ungdomsskule, og i 1964 var soga til framhaldsskulen i Evje til endes.

Undervisninga

Skuletypen var regulert i eiga lov, og var ikkje obligatorisk. Elevane gjekk på skulen eitt eller to år. Undervisninga var lagt opp som kurs, først 26 veker i året og seinare 35 veker. Den første tida hadde framhaldsskulen i Evje 19 veker med teoretisk undervisning, og sju veker opplæring i praktiske fag. For gutane var dette sløyd, medan jentene lærte å sy. Frå 1957 var den praktiske opplæringa for jentene delt i eit sykurs på fire veker og eit husstellkurs på tre veker. Dei teoretiske faga var slike som norsk, rekning, engelsk, kristendomskunnskap, geografi og tysk.

Frå 1959 auka skuleåret frå 26 til 35 veker. Frå 1960 var det to kurs i året. Evje og Hornnes var no slegne saman til ein kommune, og skulen hadde elevar fra begge bygdene. Det eine av kursa hadde så mykje teori som lova tillet. På det andre kurset hadde dei praktiske faga større plass.

Nokre lærarar

Nokre elevar

Historikaren, læraren og bygdebokforfattaren Olav Arne Kleveland gjekk framhaldsskulen på Galteland i 1948/1949, og hadde seinare mykje gode minne om dette skuleåret.

Kjelder